Meir informasjon kjem etter kvart. Du kan bestille billettar her.
Søndag 2. oktober klokka sju blir det haustkonsert: Saulesco på Solabu!
David Saulesco er musikaren som har arrangert dei fleste av låtane på repertoaret vårt. Denne søndagskonserten er til ære for han, og han er sjølv til stades. Det er sju år sidan vi fann svensken som vart ein uvurderleg samarbeidspartnar for oss. Vi hugsar framleis euforien i koret då vi prøvde ut det første arrangementet... Continue Reading →
Med Saulesco på Nythun
Tradisjonen tru: Første helga i oktober blir det mat og musikk på Nythun. Denne hausten har vi med oss David Saulesco, han hyggelege svensken som har arrangert det meste av repertoaret vårt. Laurdag kveld, den 1. oktober, er det fest. Først middag med fem rettar, så konsert med Kurve. Du kan sjølvsagt vera heile helga,... Continue Reading →
Vårkonsertar i nord og sør
Det blir to konsertar med Kurve i vår. Det er ein i nord og ein i sør. 23. mai syng vi i Vang kirke, og 30. mai på Nordre Lokalet i Hedalen. Vi har litt nytt og litt gamalt på repertoaret, men som alltid er vi opptekne av å lokke fram godkjensla hjå deg som... Continue Reading →
Herrleg seminarhelg
11. - 13. mars hadde vi ei utruleg lærerik seminar-helg med Christer Aannestad! Vi har lært å puste djupare, stå støare og korleis musklar og bindevev kan støtte oss i sangen. Kinderegg for Kurve, der altså!! Vi håpar de kan høyre forskjellen
Så vart det ikkje slik vi hadde håpa lell!
Under øvinga i Strand kirke måndag kveld, vart det klart at vi blir nøydde til å avlyse julekonsertane til helga. Det er utruleg trist at viruset vann også denne jula, men vi lyt berre fatte mot og sjå fram mot lysare tider. Vi avslutta øvinga med eit rungande «Deilig er jorden» - som ei helsing... Continue Reading →
Trygge julekonsertar
Vi er glade for at dei nye smittevernreglane gjev rom for at julekonsertane våre kan gjennomførast. Vår eigen smittevernlege seier maks 100 publikummarar per konsert. Vi tilviser plassar i kyrkjerommet, og følgjer elles gode smittevernrutinar. Det er no utselt på konserten søndag kl. 18. På dei to andre tidspunkta er det førebels god plass. Vi... Continue Reading →
3 julekonsertar i Strand kirke
Jula kjem før vi trur! Kanskje bør du allereie no bestille billettar til konsert med Kurve i Strand kirke helga før jul. Vi byr på både gamalt og nytt repertoar, og dristar oss til å garantere at du kjem i julestemning. Varmt velkomen! Bestill billettar HER
Kurve + Nythun = sant!
Helga 1. – 3. oktober flyttar vi inn på sjølvaste Nythun!Det blir mat og sang helga lang, og du er hjarteleg velkomen til å bli med! Kjøkkenet på Nythun har sikra seg haustvilt, og vertskapet vartar opp med full pensjon, slik at du berre kan nyte naturen, maten og musikken. Gjennom helga tek vi i... Continue Reading →
KURVE SØKJER NY, KVINNELEG SONGAR!
Vokalgruppa Kurve er inspirert av blant anna The Real Group, Pentatonix og Perpetuum Jazzile. Store deler av repertoaret er «skreddarsydd» for Kurve av dyktige, skandinaviske arrangørar. Vi arbeider mot eit høgast mogleg musikalsk nivå, og eit aktivt scenisk utrykk. I oktober blir det ledig plass for ein førstealt eller ein førstesopran (damestemmer). Vi gjennomfører prøvesong... Continue Reading →