Laurdag 21. september: Showkonsert med Kurve og Ragnhild Hemsing

2019-03-16 Kurve 0115 web 1Kurve inviterer til showkonsert med spanande gjesteartistar, breitt repertoar og kreativ koreografi. Koret og musikarane vil saman utforske det å vera i livet. Musikalsk spenner repertoaret frå det vare og mjuke til det heftige og oppstemte. Her kan du høyre folkemusikk og disko, vise og pop. Velkomen!

Kurve er eit acapellakor med 16 medlemmer frå heile Valdres. Etter jubileumskonserten i Kulturhuset for to år sidan, kunne dei notere superlativ som «Fenomenalt! Så variert, så vakkert, så verbalt, så vokalt, så visjonært, så voldsomt – so wonderful!» frå journalisten i avisa Valdres. Målet er å skape minst like god stemning denne gongen, no i samarbeid med fleire dyktige musikarar:

Ragnhild Hemsing er eit velkjent namn her i Valdres, men også nasjonalt og internasjonalt. Ho spelar både fiolin og hardingfele. Ragnhild har spelt med alle dei større norske orkestra, og mange rundt om i Europa, og ho har vore gjesteartist ved alle dei store festivalane og konserthusa i Noreg.

Alexander Tvenge er ein tubaist som seinast i vår begeistra dommarpanelet på Oslo Brassfestival med sin tubasolo. Dette let utruleg tøft i kombinasjon med koret!

Iselin Tronrud er berre 16 år, men allereie ein habil cellist som skapar nydelege stemningar med instrumentet sitt.

Mange av låtane på repertoaret er arrangert spesielt for Kurve i samklang med desse musikarane.

Tema for konserten er «Livsglimt»,  nemleg det livet kan by på av oppturar og nedturar, små og store under. Tekstane spenner frå dei små kvardagshendingane til glimt inn i det evige og uendelege, og ikkje minst: Håpet om at «noko vedunderleg skal skje!».

Tid: Klokka 16.00 og klokka 20.00

Billettar: 300,- (vaksne), 150,- (ungdom frå 13-23 år) og 75,- (barn). Bestilling på www.fagerneskulturhus.no

Advertisements

Kommentarfeltet er stengt.

Lag ei gratis nettside eller ein blogg på WordPress.com.

Opp ↑

%d bloggarar likar dette: