Kurve loddar ut ein konsert i samband med Showkonserten på Fagernes kulturhus 21. september

Vinn ein Kurve-konsertHer er vilkåra for konkurransen:

Den som vinn bestemmer kvar konserten skal vere. Kanskje heime, i eit forsamlingslokale eller på arbeidsplassen. Berre fantsien set grenser, men lokalet må vere oppvarma og eventuell husleige er det vinnaren som må betale.

Konserten varar i ca. 45 minutt.

Den som vinn kan vere einaste publikumar, ein kan invitere vener, eller ein kan selje billettar til inntekt for ei god velgjerdssak. Ein kan ikkje selje billettar til eigen fortenest.

Lokalet må romme 16 songarar i tillegg til den/ dei som skal høyre på. I større lokale bør det også vera plass til noko elektronisk utstyr.

Konserten må vera i Valdres eller tett ved. Reiseavstand kan i utgangspunktet ikkje vera meir enn 70 km frå Fagernes. Større avstand kan likevel vera mogleg om det er eit konsept som også er effektivt som merkevarebygging. Dette må i så fall avtalast med koret.

Konserten blir 18. januar 2020 eller eit anna tidspunkt som passar for koret. Eit eventuelt anna tidspunkt må avtalast innan 15. oktober 2019. Konserten bør i utgangspunktet vera gjennomført innan utgangen av mars 2020, men kan også skje seinare etter avtale med koret.

Lodd får ein ved å anten

  • Kjøpe billett innan 15. september.
  • Vippse kr. 50,- til Kurve (#97098) innan fredag 20 september.
  • Kjøpe lodd av ein i koret innan laurdag 21. september. Det vert seld lodd under konserten.

Trekning skjer på scenen på slutten av 20-konserten 21. september, og vinnaren vert kunngjort med namn, loddnummer eller rad/setenummer+konserttidspunkt på Facebooksida vår og på www.kurve.no etter siste jubileumskonserten. For at koret skal halde av dato for konserten, må vinnaren melde interesse innan 15. oktober 2019. Om vinnarloddet er frå lodd seld i loddbok, blir vinnaren kontakta.

Trekninga går føre seg slik:
Alle lodd, vipps-overføringar og billettar som er med i trekninga blir registrert i ei nummerert liste. Så blir det trekt eit nummer i denne lista.

 

Advertisements

Kommentarfeltet er stengt.

Lag ei gratis nettside eller ein blogg på WordPress.com.

Opp ↑

%d bloggarar likar dette: