Kjære Kurve-vener!

Det vart ein rar vår. Vi har sakna dykk!

I mars hadde vi øving på kvar vår heimebane via Zoom. Då det vart lov, brukte Gudbrand masse tid på å smittesikre gymsalen i Slidre, slik at vi kunne synge saman på laang avstand. Etter kvart kunne vi nærme oss kvarandre litt meir, og laurdag avslutta vi sesongen med ein lykkeleg sommarfest. Avstanden har fått oss til å kjenne på kor godt der er å synge saman og vera saman, slik på ekte! Vi er lei oss for at det ikkje vart mogleg med konsert for publikum før sommaren, men lovar å kome sterkt attende til hausten. Helga 16.- 18. oktober er vi på Nythun. Vi har hyra den kjente musikkpedagogen og tidlegare Real Group-profilen Peder Karlsson til å arbeide med oss. Laurdagen blir det konsert. Det blir også to måndagskonsertar på ulike stader i same oktober-slengen. Vi håpar å sjå dykk då! Det kjem meir info etter kvart.

Ha ein nydeleg sommar så lenge!

IMG_2074

Kommentarfeltet er stengt.

Lag ei gratis nettside eller ein blogg på WordPress.com.

Opp ↑

%d bloggarar likar dette: