Søndag 2. oktober klokka sju blir det haustkonsert: Saulesco på Solabu!

David Saulesco er musikaren som har arrangert dei fleste av låtane på repertoaret vårt. Denne søndagskonserten er til ære for han, og han er sjølv til stades.

Det er sju år sidan vi fann svensken som vart ein uvurderleg samarbeidspartnar for oss. Vi hugsar framleis euforien i koret då vi prøvde ut det første arrangementet han laga til oss på «Come Together». Det var så tøft, så annleis, og så skreddarsydd! Sidan har han montert heile 23 låtar for oss i litt ulike samansetninger. Det var til dømes David som arrangerte Vamp-kompet vi brukte på Trollrock i sommar. Acapella-arrangementa signert Saulesco, har vorte klassikarar i Kurve-repertoaret. På Solabu syng vi mange av dei.

Gode minne:
David Saulesco var med oss på Svalbard-turen i 2018. Her står han mellom Anne Marit og Siv.

Håpar du kjem! Vi gler oss!!!

Bestill billettar her.

Her var David gjest på Solabu i 2016. Faksimile frå «Avisa Valdres» 14.6.16.

Les meir om David her: https://www.saulesco.se/

Lenke til arrangementet på Facebook: https://fb.me/e/3FEwBRMRe

Reklame

Kommentarfeltet er stengt.

Blogg på WordPress.com.

Opp ↑

%d bloggarar likar dette: