Så vart det ikkje slik vi hadde håpa lell!

Under øvinga i Strand kirke måndag kveld, vart det klart at vi blir nøydde til å avlyse julekonsertane til helga. Det er utruleg trist at viruset vann også denne jula, men vi lyt berre fatte mot og sjå fram mot lysare tider. Vi avslutta øvinga med eit rungande «Deilig er jorden» – som ei helsing til dykk alle❤️ Ha ei retteleg god jul, ta vare på kvarandre, og så sjåast vi i eit nytt og betre 2022✨

Trygge julekonsertar

Vi er glade for at dei nye smittevernreglane gjev rom for at julekonsertane våre kan gjennomførast. Vår eigen smittevernlege seier maks 100 publikummarar per konsert. Vi tilviser plassar i kyrkjerommet, og følgjer elles gode smittevernrutinar. Det er no utselt på konserten søndag kl. 18. På dei to andre tidspunkta er det førebels god plass. Vi ynskjer alle varmt og trygt velkomne!

3 julekonsertar i Strand kirke

Jula kjem før vi trur! Kanskje bør du allereie no bestille billettar til konsert med Kurve i Strand kirke helga før jul. Vi byr på både gamalt og nytt repertoar, og dristar oss til å garantere at du kjem i julestemning. Varmt velkomen!

Bestill billettar HER

Kurve + Nythun = sant!

Helga 1. – 3. oktober flyttar vi inn på sjølvaste Nythun!
Det blir mat og sang helga lang, og du er hjarteleg velkomen til å bli med! Kjøkkenet på Nythun har sikra seg haustvilt, og vertskapet vartar opp med full pensjon, slik at du berre kan nyte naturen, maten og musikken. Gjennom helga tek vi i Kurve ein sang med ujevne mellomrom, og laurdag før middag blir det full konsert. Kast deg på knallerten og kom deg til fjells! Dette blir stas!

Pris for heile helga med mat og musikk er kr. 3700,- pr. person, medan konsert og festmiddag laurdag kveld kostar kr. 1200,- pr. person.
Om du berre vil på konsert laurdag klokka 17, er prisen 300,- for vaksne og 150,- for dei under 23 år. Barn er gratis!

Bestill billettar ved å sende e-post til: post@nythun.com

KURVE SØKJER NY, KVINNELEG SONGAR!

Vokalgruppa Kurve er inspirert av blant anna The Real Group, Pentatonix og Perpetuum Jazzile. Store deler av repertoaret er «skreddarsydd» for Kurve av dyktige, skandinaviske arrangørar. Vi arbeider mot eit høgast mogleg musikalsk nivå, og eit aktivt scenisk utrykk.

I oktober blir det ledig plass for ein førstealt eller ein førstesopran (damestemmer). Vi gjennomfører prøvesong før det blir teke ei avgjerd.

Interessert?

Ta kontakt med Gudbrand Heiene innan 12. september på vokalgruppakurve@hotmail.com eller tlf. 41 33 54 96

Ein draum blir verkeleg!

Vi skal få vera med på Valdres sommarsymfoni sin festkveld i lag med proffe festivalmusikarar, og siterer stolt frå programmet til sommarsymfonien: «Løs snipp, festivalmusikere i frie tøyler og Valdres’ eget stjernekor, KURVE! Godbiter fra musikkhistorien og låter du aldri før har hørt under Valdres sommersymfoni!»

Festkvelden går av stabelen LAURDAG 19. JUNI kl. 22.00 på Scandic Valdres (Fagernes).

Bestill billettar på www.sommersymfoni.no

Vi gler oss vilt!

Håpar vi sjåast!

Julekonsertar i Aurdal kirke

Vi øver på nytt og gamalt julerepertoar, og stundar mot julekonsertar i Aurdal kirke. Slik det er no, kan vi ha inntil 50 publikummarar per konsert. Vi kryssar fingrane for at vi kan synge for dykk denne jula òg. Du kan bestille billettar her. Denne gongen kan vi berre sleppe inn dei som har bestillt på førehand. Billettprisar er 300 for vaksne og 100 for ungdom (13-23 år). Barn går gratis, men vi vil gjerne at dei blir registrerte i bestillinga – av omsyn til smittevern. Betaling med kort eller Vipps i døra.

Hald dykk friske der ute❤️

Blogg på WordPress.com.

Opp ↑