Billettbestilling

Kurve på tur opp

Det blir to haustkonsertar med Kurve i oktober. Den eine blir i Begnadalen kyrkje måndag 12. oktober, og den andre blir på Åsvang samfunnshus måndag 26. oktober. Båe konsertane startar klokka 20. Ved bestilling må ein føre opp namn og telefonnummer på alle som skal ha billett. Det blir ikkje mogleg å kjøpe billettar i døra. Vi gjennomfører konsertane med dei smitteverntiltaka som myndigheitene tilrår.

Billettprisar: 250,- (vaksen)/125,- (13-23 år) – barn gratis. NB: Det blir ikkje mogleg å betale kontant, men du kan bruke kort eller Vipps i døra.

Blogg på WordPress.com.

Opp ↑

%d bloggarar likar dette: