Ein draum blir verkeleg!

Vi skal få vera med på Valdres sommarsymfoni sin festkveld i lag med proffe festivalmusikarar, og siterer stolt frå programmet til sommarsymfonien: «Løs snipp, festivalmusikere i frie tøyler og Valdres’ eget stjernekor, KURVE! Godbiter fra musikkhistorien og låter du aldri før har hørt under Valdres sommersymfoni!»

Festkvelden går av stabelen LAURDAG 19. JUNI kl. 22.00 på Scandic Valdres (Fagernes).

Bestill billettar på www.sommersymfoni.no

Vi gler oss vilt!

Håpar vi sjåast!

Julekonsertar i Aurdal kirke

Vi øver på nytt og gamalt julerepertoar, og stundar mot julekonsertar i Aurdal kirke. Slik det er no, kan vi ha inntil 50 publikummarar per konsert. Vi kryssar fingrane for at vi kan synge for dykk denne jula òg. Du kan bestille billettar her. Denne gongen kan vi berre sleppe inn dei som har bestillt på førehand. Billettprisar er 300 for vaksne og 100 for ungdom (13-23 år). Barn går gratis, men vi vil gjerne at dei blir registrerte i bestillinga – av omsyn til smittevern. Betaling med kort eller Vipps i døra.

Hald dykk friske der ute❤️

Kurve på tur opp

Konsertformen er stigande, og i oktober er Kurve på veg oppover dalen!

Foto: Frederick Kihle

Vi startar med haustkonsert i Begnadalen kirke 12. oktober klokka 20, og held fram med seminar og gourmet-helg på Nythun helga etter. Her er det snart fullt, men mogleg å bestille matogmusikk-billettar direkte på http://www.nythun.com. Måndag 26. oktober blir det konsert på Åsvang samfunnshus i Vang, den øvste i denne omgang.

Kurve stiller med topp motitvert mannskap og fleire nye gromlåtar på repertoaret. Vi gler oss stort til å synge for eit levande publikum att, og lovar ein frisk og smittesikker Kurve-kveld.

VIKTIG: Det vil berre bli mogleg å bestille billettar på førehand – klikk her.

Kjære Kurve-vener!

Det vart ein rar vår. Vi har sakna dykk!

I mars hadde vi øving på kvar vår heimebane via Zoom. Då det vart lov, brukte Gudbrand masse tid på å smittesikre gymsalen i Slidre, slik at vi kunne synge saman på laang avstand. Etter kvart kunne vi nærme oss kvarandre litt meir, og laurdag avslutta vi sesongen med ein lykkeleg sommarfest. Avstanden har fått oss til å kjenne på kor godt der er å synge saman og vera saman, slik på ekte! Vi er lei oss for at det ikkje vart mogleg med konsert for publikum før sommaren, men lovar å kome sterkt attende til hausten. Helga 16.- 18. oktober er vi på Nythun. Vi har hyra den kjente musikkpedagogen og tidlegare Real Group-profilen Peder Karlsson til å arbeide med oss. Laurdagen blir det konsert. Det blir også to måndagskonsertar på ulike stader i same oktober-slengen. Vi håpar å sjå dykk då! Det kjem meir info etter kvart.

Ha ein nydeleg sommar så lenge!

IMG_2074

Julekonsertar 15. og 21. desember

Jul2019-headerVi ser fram til å runde av året med fire julekonsertar. Som i fjor, blir alle konsertane i Slidrehuset på Valdres Folkemuseum. Det blir to konsertar søndag 15.12 (klokka 17 og klokka 20) og to konsertar laurdag 21.12. (også klokka 17 og klokka 20). Med dei gamle husa som kulisse, lovar vi å synge for at du skal kjenne glede og fred i førjulstida.

Varmt velkomne på julekonsert med Kurve!

Bestill billettar her.

Tusen takk!

Vi er lykkelege og takksame etter ei fantastisk oppleving i Fagernes kulturhus i går! Tusen takk til alle som kom, og for all god energi de var med å skape! Vi vil også gratulere Esther Christensen frå Fagernes som vann sin eigen Kurve-konsert!Showkonsert med ramme

Lag ei gratis nettside eller ein blogg på WordPress.com.

Opp ↑