10 år på stigande Kurve – ein showkonsert

6

Kurve er ei vokalgruppe frå Valdres, som sidan starten i 2007 har begeistra publikum med songglede og utstråling. Gruppa, som teller 16 medlemmer, er kjend for å kombinere fengande rytmisk musikk med kreative sceneshow. Denne gjengen står ikkje i ro, men brukar heile scena når dei syng!

23. september markerer Kurve at det er 10 år sidan dei vart starta. På denne konserten får du høyre høgdepunkt frå reportoaret gjennom desse åra. Ein profesjonell dansar vil gje sceneshowet ein ekstra dimensjon, og ein av Norges beste lydteknikarar vil hjelpe til med å fylle Kulturhuset med vellyd.

Bestill billettar her: http://www.fagerneskulturhus.no/program-og-billetter/10-aar-paa-stigande-kurve-ein-showkonsert/

Hausten 2016: Kurve på tur

Denne hausten reiser Kurve på turne! Vi skal synge konsertar i heile Valdres, frå Vang i nord til Hedalen i sør. Sist vi hadde konsert, var det fokus på djupare tekstar. På turneen tek vi med oss høgdepunkta frå denne konserten, og blandar inn nokre «lettare» låtar. Resultatet blir ein vokalkonsert med stort spenn: Frå rytme og humor til djupdykk i sjel og sinn. Perfekt for haustkvelden, med andre ord.
Vi kan røpe delar av programmet: «Lær meg» av Anne Grete Preus handlar om kampen for å vera til stades i livet sitt, Lars Lillo Stenberg sin «Hjernen er alene» er ein tekst om sorg og einsemd. Båe desse låtane har vi fått svenske David Saulesco til å arrangere for oss. Favorittar som «Koleravise» og «Evighetsmaskinen» står også på programmet. Herrene i koret har øvd inn ein mannskor-snutt om ein sjømann i trøbbel, medan damene i koret byd på Prøysen si forteljing om «Jørgen Hattemaker».
Alt dette skjer altså på eit grendehus nær deg. Vel møtt!
Torsheim, Vang: Måndag 12. september kl 20
Volbu grendehus, Øystre Slidre: Måndag 19. september kl 20
Slidrehuset, Valdres Folkemuseum: Måndag 26. september kl 20
Nordre lokalet, Hedalen: Måndag 10. oktober kl 20
Dørene opnar kl 19.30.
Billettar: Vaksne kr 200, unge (13-23) kr 100, barn gratis
Kjøp billett i døra, eller forhåndsbestill her.

Blogg på WordPress.com.

Opp ↑